Norsk (nynorsk)
nn
Latest addition: Tuesday 2 October 2007.

GCompris er eit leik og lær-program med ei rekkje forskjellige aktivitetar for barn frå 2 til 10 år. Nokre av aktivitetane er underhaldande spel, men alle er lærerike. Du finn aktivitetar innan alle desse emna:
Datamaskinbruk: Tastatur, mus, …
Algebra: Teljing, dei fire rekneartane, mål og vekt, …
Vitskap: Vasskrinsløpet, kanalsluser, ubåtar, …
Geografi: Plasser land på kart, …
Spel: Sjakk, biletlotto, …
Lesing: Øving på lesedugleik, …
Anna: Lær klokka, set saman puslespel av kjende måleri, vektorteikning, …
I alt inneheld GCompris meir enn 60 aktivitetar, og nye kjem stadig til. GCompris er fri programvare, og du kan derfor fritt tilpassa eller forbetra programmet, og gjerne dela arbeidet dine med alle barn i heile verda.