Bruno Coudoin
(anim.xml)
Lag ei teikning eller ein teiknefilm.
I dette spelet kan du teikna kva du vil. Målet er å oppdaga korleis du kan laga fine teikningar ut av grunnformene rektangel, ellipse og linje. For å gjera det heile meir spennande finst det òg eit utval med ferdige teikningar.
Vel teikneverktøy til venstre og ein farge nedst på skjermen. Trykk så og hald inne knappen på det kvite området for å teikna ein figur. Når du er ferdig med teikninga, kan du starta på ei ny ved å trykkja på éi av rutene nedst på skjermen. Kvar nye teikning inneheld i utgangspunktet det same som den førre teikninga. Du kan så endra litt på den nye teikninga ved å flytta, leggja til eller sletta figurar. Når du har laga fleire teikningar, kan du trykkja på filmknappen for å sjå alle teikningane etter kvarandre, som ein teiknefilm. Høgreklikk på ei rute for å setja denne til den siste ruta i teiknefilmen. Når du ser på filmen kan du òg endra kor raskt bileta skal visast. Trykk teikneknappen for å teikna vidare. Du kan òg lagra teiknefilmen med diskettknappen, eller opna gamle teiknefilmar med mappeknappen.