Frédéric Mazzarol
(awele.xml)
Oware
Spel strategispelet Oware mot Tux.
Målet med spelet er å få fleire frø enn motstandaren. Siden spelet berre har 48 frø, held det at du klara å få 25 stykk for å vinna. Og sidan talet på frø er eit partal, kan det enda uavgjort, der begge spelarane får 24. Spelet er slutt når éin har klart å få 25 eller fleire frø, eller begge har fått 24. Viss begge spelarane er einige om at ingen kan vinna, tek kvar spelar frøa på si side av brettet.
Når spelet startar, vert det plassert fire frø i kvart hus. Spelarane byttar så på å flytta desse frøa. Når det er din tur, vel du eitt av dei seks husa. Frøa i dette huset vert så plasserte («sådd») i kvart av nabohusa, i retning mot klokka, med unntak av starthuset. Viss for eksempel huset du trykkjer på inneheld 12 frø, vert dette ståande tomt, mens nabohuset får to nye frø. Når du har sådd, og det siste frøet vart sådd i motstandarden sitt hus slik at dette inneheld to eller tre frø, vert alle frøa i det huset tekne vekk. Viss huset rett før òg tilhøyrer motstandarden, og dette òg har to eller tre frø, vert òg desse tekne, og så vidare. Men viss eit trekk vil føra til at alle frøa til mostandaren vert tekne, vert alle frøa liggjande, då dette ville ført til at motstandarden ikkje kunne halda fram. Dette er ein del av ein generell regel som seier at ein bør gjera eit trekk som gjer det mogleg for mostandarden å halda fram å spela. Så viss alle husa til motstandaren er tomme, må du gjera eit trekk som gjev han nye frø. Viss det ikkje er mogleg med eit slikt trekk, tek du alle frøa dine, og spelet er slutt. (Kjelde: Wikipedia
Copyright 2004-2005
Bruno Coudoin Licence
GNU/FDL .
Vous avez constaté un problème technique ? Contactez le Webmaster :
Webmaster
Site construit autour de l'application
SPIP Squelettes du site. Licence GPL. Web site design by
Aurélie Casties.