Bruno Coudoin
(searace.xml)
Sjøkappløp (for to spelarar)
Naviger båten for å vinna kappløpet.
Her lærer du å gje kommandoar til datamaskina. Sjølv om språket er veldig enkelt, lærer du å tenkja framover og skriva eit program. Denne aktiviteten kan brukast til å introdusera ungar for programmering.
Skriv inn kommandoar til båten din i tekstfeltet. Kommandoane som er støtta er vist mellom dei to tekstfelta. Kommandoane «venstre» og «høgre» må etterfølgjast av ein vinkel i gradar, og som standard vert 45 gradar brukt. Kommandoen «fram» flyttar båten framover, og du kan velja kor langt fram han skal gå, som standard éi eining (målt etter linjalen).
Eksempelvis kan du skriva «venstre 90» for å snu heilt mot venstre og «fram 10» for å gå fram 10 einingar. Målet er nå den raude linja til høgre. Når du er ferdig kan du prøva å forbetra programmet, og starta eit nytt kappløp med same vêrforhold som før ved å trykkja på «om igjen»-knappen. Du kan òg trykkja og dra kor som helst på kartet for å måla avstandar og vinklar. På høgare nivå får du meir kompliserte vêrforhold.